Trondheim Filmklubb

Hatet


La Haine Frankrike 1995 Regi og Manus Mathieu Kassowitz Foto Pierre Aïm Med Vincent Cassel, Hubert Koundè, Saïd Taghmaoui 96 min 35 mm sv/hv norsk tekst Utleige NFD

Etter at dei visuelt forførande, men noko tomme og/eller pretensiøse 80-talls-regissørene har gått i dvale eller flytta til USA, har det dukka opp ein ny generasjon filmskaparar i Frankrike. Sams for desse er eit mindre glamorøst, men like interessant visuelt uttrykk og definitivt med meire på hjarta enn dei først nemnte.

Mathieu Kassowitz er ein av desse. Han var 28 år då han laga Hatet, som var hans andre spelefilm og internasjonale gjennombrot. I tillegg har han også utmerka seg som skodespelar i filmar som En meget diskret helt.

Hatet tar oss med til eit kommunalt boligprosjekt i utkanten av Paris, men historia kunne like gjerne vore frå t.d. Brixton eller South Central L.A. Her møter vi folk som lever på eit eksistensminimum, ikkje så mykje i bokstavleg tyding, trass i den relative fattigdomen, som politisk, sosialt og psykologisk. Avmaktskjensla dominerar og gjev seg utslag i eit lite organisert og målretta opprør mot dei som konkret manifesterar seg som makta: Politiet. Vi følgjer dei tre kameratane Vinz, Saïd og Hubert gjennom 24 timar av liva deira der denne konflikten og korleis dei skal stilla seg til den, bølger fram og tilbake mot eit (uunngåeleg?) dramatisk klimaks.

Hatet er etter underteikna si meining ein av dei sterkaste filmane frå 95-årgangen, med eit potent filmspråk for ein bestemt situasjon, men han er også eit døme på ein stadig større likskap mellom kulturelle uttrykk verda over. Filmen er inspirert av Scorseses Mean Streets, men det er òg påfallande likskapar med (nokre av) Spike Lees filmar. I Frankrike, kor tydinga av å utvikla og dyrka den nasjonale filmen alltid har vore eit heitt tema, har dette falt ein del tungt for brystet. At tematikken, diverre, er internasjonal har då ikkje i så stor grad vorte vurdert.

Som tittelen seier, er Hatet ein sint film og han skapte bråk i heimlandet både på grunn av temaet og vinklinga på stoffet. Filmen tar klart ungdommane si side, for som Kasowitz sjølv har uttalt om filmen så er det alltid den same parten som ender opp med å betala. Men filmen har korkje ein peikefingeraktig moral eller viser mot ei sosial løysing på problema. Best kan han seiast å vera eit "varsko" til både politikarar og folk flest om at vi er i ferd med å la samfunnet løysa seg opp under føtene på oss.

gk


Trondheim Filmklubb [01.01.99] rune@nvg.org