Det er vanskeleg å laga seriøs film om erotikk og seksualitet. Det blir gjerne anten spekulativt eller neddynga i tom intellektualisering som skal rettferdiggjera handlinga. Vi finn element av båe tendensar i Hjemmelekse også. Den har både utfordrande sexscener og legg for dagen ei generaliserande teoretisering av menn og kvinner sine ulike forhold til sex og pornografi. Men hovudsakleg er Hjemmelekse ein forfriskane "annleis" film, som både leikar med karakterane sine og med publikum sine haldningar og forventninger.
Den sterkaste årsaka til dette er den originale cinematografien. Heile filmen er teken opp med (nesten) berre ei kamerainnstilling. Vi, som sjåarar, er fastlåste til kameraet under bordet. Vi ser ikkje det som skjer utanfor denne eine innstillinga og vi ser heller ikkje det som skjer mellom kvar gong ein av karakterane slår av og på kameraet. Det som i utgangspunktet kan høyrast ut som ei smått spekulativ og forventa historie, blir slik snudd til ein finurleg metaleik med filmmediet.
gk