Her blir vi presenterte for ei rad ulike menneskje som ikkje ser ut til å ha noko sams utover at dei alle er knytt til strippeklubben Exotica. Francis er skatterevisor på dagtid og fast nattklubbgjest på natta, discjockyen Eric som har eit komplisert tilhøve til stripparen Christina, den gravide nattklubbeigaren Zoe og Thomas som tener til livet ved å smugla eksotiske dyr.
Den labyrintiske forteljarstilen verkar til å byrje med overflatisk og uoversiktleg. Men som ein parallell til aktiviteten i nattklubben har også filmen ein stripteaseaktig struktur, som gradvis avdekker eit innvikla nettverk av relasjonar som knyter karakterane saman. Dei, i utgangspunktet, obskure handlingane endrar meining fleire gonger etterkvart som fortida til karakterane kjem fram, og vår oppfatning av sanninga i historia blir utfordra til siste slutt.
Egoyan har gjennom alle filmane sine problematisert det menneskelege minnet og kva minnet har å seie for oss. I filmar som Family Viewing (1986) og Calendar (1993) er det særskilt det teknologiske minnet, eksemplifisert gjennom video, han er opptatt av - både konkret og som bilete på det menneskelege minnet. Teknologien skaper eit filter mellom menneska og røynda. Den gjennomgåande problemstillinga er knytt til kva er sant og kva er falskt I Exotica er teknologien borte, men karakterane er like framandgjorte og fiksjonaliseringa av deira eigne liv er like sentral. Men her kjem den til synes gjennom ein stilisert scenografi og karakterane sitt rollespel for kvarandre.
Åtvaringa om ikkje å gje seg inn i eit forhold basert på falske føresetnader er også noko ein ofte får erfara som sjåar av Egoyan sine filmar. Med å leggja handlinga til ein strippeklubb har han eit retorisk utgangspunkt for å leika med dei ferdigtenkte haldningane til publikum til karakterar som er knytte til ein slik stad. Vi blir heile tida utfordra av uventa vendingar i handlinga, og det vi trur er ei opplagt sanning i ein augeblink er i den neste avkrefta som falsum. Slik er filmane til Egoyan også ein intelligent metakommentar til filmmediet sjølv.
gk