../../v99/omtaler/Trondheim%20Filmklubb

Cyclo


Xich lo Frankrike Vietnam 1995 Regi og manus Tran Anh Hung Foto Benoit Delhomme Musikk Thon That Tiet,Tranh Lam, Rollins Band m.f. Med Le Van Loc Tony Leung-Chiu Wai Tran Nu Yen Khe Nguyen Nhu Quynh 129 min 35 mm norske tekstar Utleige NFD

Cyclo startar som eit tradisjonelt sosialrealistisk drama frå eit 3. verda-land. Vi får presentert eit levande og intenst bilete av gatelivet i Vietnam kor vi også møter den unge, foreldrelause sykkeldrosjesjåføren, cycloen, som slit for å tena til livsopphaldet for seg sjølv, bestefaren og dei to systrene sine. Men historia snur brått då sykkeldrosja hans blir stole og arbeidsgjevaren hans, ein kvinneleg gangsterleiar, sender han for å arbeida saman med nokre av sine meir lyssky tilsette, den mystiske Poeten og muskelmennene hans, Kniv og Tann. Frå å vera ein samtids versjon av Sykkeltyvene, glir filmen her gradvis over i eit ekspresjonistisk moralsk drama.

Tran Anh Hung, som har vokse opp i Frankrike gjenoppdaga fødelandet sitt då han under filminga av debutfilmen, Duften av grønn papaya om morgenen, mislukkast i å forhandla fram eit løyve til å filma i Ho Chi Min Byen (Saigon). Cyclo reflekterer ein fascinasjon for dette landet, men har også den utanforståande sitt distanserte blikk. Filmen skil seg frå både nasjonal produsert film og frå franske historiske, koloniale drama som har vorte laga om Vietnam. Alt i filmen, frå den overordna til den mest surrealistiske bruken av fisk, insekt og firfisler, til handsaminga av tematikk kring uskuld - erfaring, far - son, kan tilskrivast Trans bakgrunn som utanlandsk utdanna vietnamesar.

Med element frå denne doble kulturelle bakgrunnen, ei vietnamesisk samtidshistorie, sosialrealisme og fransk intellektuell filmtradisjon, skaper Tran ein film som er noko anna enn summen av elementa. Det ordet som best skildrar filmen er "fysisk", og det er gjennom denne fysiske nærleiken til ting, kombinert med eit stort metaforisk register og bruk av parallellar mellom hendingar og karakterar at Thran skapar sitt særeigne uttrykk.

Sjølve rammehistoria kunne vore henta frå ein amerikansk kriminalfilm: Ung, uskuldig mann blir økonomisk avhengig av gangstersyndikat og tvingast ut i kriminalitet, men det er fyrst når ein ser ein film som Cyclo at ein forstår at sjølv den mest brukte historia har eit uutnytta potensiale i seg.

Cyclo er sakleg sett både nyskapande og utfordrande, men mest av alt er han ein visuell og kjenslemessig eksplosjon av ein film. Det er ei reise ned eit personleg helvete og trass i si kalde, usentimantale skildring av historia, er filmen ei fysisk påkjenning for tilskodaren, han er ei feberaktig oppleving av ekspresjonistiske biletkomposisjonar der kvar detalj er utstudert etter ein heilskapleg kunstnarisk visjon.

Guri Kulås


Trondheim Filmklubb [14.09.99] rune@nvg.org