Det sociala arvet


Det sociala arvet - Den avsluttande delen i en trilogi där Dom kallar oss mods og Ett anständigt liv utgör del 1 och 2 Sverige 1992 Regi og manus Stefan Jarl Foto Pär Källberg Klypp Anette Lykke Lundberg Musikk 22 Pistepirkko Fläskkvartetten Dokumentær musikk Kenneth Gustafsson Med Kenneth "Kenta" Gustaffson Eva Blondin Patric Gustafsson Jan "Jajje" Klingrüd Carina Klingrüd Stefan Jarl 35 mm 87 min Fargar Utleige KF
Ett anständigt liv sluttar med det frosne biletet av Janne, den lille sonen til Stoffe. Og spørsmålet er opplagt: Korleis skal det gå med barna til modsen.

Tesa om den sosiale arven, at ungane vidarefører levesettet til foreldra, var sentral i samfunnsforskinga på 70-talet og den er ein av grunnsteinane i Ett anständigt liv. Då Jarl bestemte seg for å gjera ferdig trilogien var det naturleg å ta utgangspunkt i denne påstanden og kanskje også ta eit oppgjer med han. Å gjera det ville òg seia å ta eit oppgjer med sine eigne haldningar og Jarl er difor sjølv med framfor kamera i denne filmen.

Det sociala arvet vart tatt opp mellom 1987 og 1992 og sentralt står dei attlevande frå modsgenerasjonen Kenta og Eva og sonen deira, Patric og Jajje og dattera hans, Carina. Patric og Carina er no på same alder som Kenta, Eva og Jajje i Dom kallar oss mods, men dei har heilt andre verdiar og draumar - noko som kjem godt fram i bruken av flash-backs frå dei to fyrste filmane.

Den sams bakgrunnen har korkje ført til at barna har teke etter foreldera, eller at dei to har vorte like på noko vis. Dei har valt særs ulike overlevingsstrategiar for å vinna over den sosiale arven. Carina, som har vakse opp hjå fosterfamilie, er i ferd med å bli kjent med far sin og har eit særs reflektert syn på bakgrunnen sin og kva ho vil med livet sitt. Patric lever eit yuppie-liv og taklar oppveksten gjennom å fortrengja den.

Filmen balanserer mellom modsen og ungane deira både når det gjeld liv og haldningar og filmskaparen er heil tida aktivt med i hendingane. Gjennom det refleksive filmspråket får Jarl sitt oppgjer med seg sjølv, både når det gjeld etikk i høve handsaminga av folk som er med i ein dokumentarproduksjon og forelda sosiologiske teoriar. Han får også sagt kor sympatien hans trass alt ligg, hjå modsen eller hjå 80-tals ungdommen - før han let alle halda fram med sitt liv, bokstavleg talt brenn regissørkostymet sitt og set strek for eit av dei mest særeigne prosjekta i filmhistoria.

gk


Nettverksgruppa rune@nvg.ntnu.no