Alle årets dager


Tous les matins du monde Frankrike 1992 Regi Alain Corneau Manus Alain Corneau etter ein roman av Pascal Quignard Foto Yves Angelo Musikk Saint Colombe Marin Marais arrangert og dirigert av Jordi Savall Med Jean Pierre Marielle Gerard Depardieu Guillaume Depardieu Anne Brochet Caroline Sihol Carole Richert 35mm fargar 115 min utleige KF
Saint Colombe og Marin Marais er autentiske personar frå Ludvig XIV si samtid. Dei var båe komponistar og framifrå musikarar som utvikla potensialet i instrumentet sitt, viola da gamba (eit strykeinstrument som liknar den moderne celloen), til det ypparste. Trass i deira sams pasjon for musikken, var dei to mennene motsatsar som menneske.

Enkemannen Saint Colombe levde eit stille og asketisk liv ute på landet med dei to døtrene sine. Musikken var for han ei kjelde til å perfeksjonera seg og skapa eit "reint" uttrykk. Han lét byggja ei hytte i hagen kor han sat einsam å komponerte og spelte i sorg og kjærleik til den døde kona si.

Marais kom som ung gut til Saint Colombe for å læra. Men Saint Colombe var misnøgd med motivasjon Marais hadde for å spela og freista, med liten framgang, å læra han kva han sjølv søkte i kunsten. Marais, på si side, freista skunda på læringa med å nytta seg av at den eldste dottrera til Saint Colombe, Madeleine, var forelska i han.

Medan Marais er i lære hjå Saint Colombe får denne bod frå slottet om å koma dit, då kongen har høyrt rykte om det vakre spelet hans. Saint Colombe avslår, noko som vart oppfatta som både frekt og uforståeleg. Marais derimot let ikkje sjansen gå frå seg. For han blir musikken ein sosial stege. Så snart han meiner han kan nok reiser han til Versailles og blir komponist ved Solkongen sitt hoff.

Filmen krinsar heile tida kring dei gamle spørsmåla om tilhøvet mellom kunsten og livet. Marais ber bod om den nye tida, der kunsten og kunstnaren er ei vare. Madeleine er delt mellom kjærleiken til musikken og kjærleiken til Marais og dei ulike krava han og faren representerer. Saint Colombe er sjølve det romantiske bilete av den nådegjevne kunstnaren som i einsemnd finn fram til det geniale i seg.

Alle årets dager er framfor alt ein film laga av ein musikkelskar, Corneau er sjølv ein ivrig jazzmusikar. Filmmusikken er spela inn av Jordi Savall, som reknast som ein av beste gambeutøvarane i dag og som har fått barokkinstrumentet fram i lyset att. Den som ikkje let seg røre av denne musikken har eit hjarta av stein.

gk


Nettverksgruppa rune@nvg.ntnu.no