Et anstendigt liv


Ett anständigt liv - Del 2 i en trilogi där Dom kallar oss mods utgör del 1 Sverige 1979 Regi og manus Stefan Jarl Foto Pär Källberg Stills Johanna Hald Klypp Anette Lykke Lundberg Musikk Ulf Dageby Dokumentær musikk "Kenta" Gustafsson Eva Blondin "Stoffe" Svensson Med Kenneth "Kenta" Gustaffson Eva Blondin Patric Gustafsson Majken Gustafsson Gustav "Stoffe" Svensson Lena Lövgren Jan Lövgren Sven-Åke "Skåning" Dyhlen Elisabeh "Bettan" Backe Jan "Jajje" Klingrüd Kenneth "Kenta" Bergkvist Bo Landegren Erik "Jerka" Rosén Helena Höglund 16mm oppkopiert til 35 mm 102 min Fargar Utleige KF
Brueghels målarstykke "Dødens triumf" akkompagnert av ein skrikande gitar opnar dette infernoet av ein film. Borte er livsgleda frå Dom kallar oss mods. Freistnaden på å leva eit liv fritt for borgarlege konvensjonar og hemningar har enda i ei binding som undergrev all samfunnskritikk; heroinen.

Eigentleg hadde ikkje Jarl tenkt å laga ein film til om modsen, men så oppdaga han at mange av dei folka han hadde vorte kjent med for ti år sidan var borte, døde. Ingen tok større notis av den tragedien som utspelte seg i gatene, midt blant folk. På 10 dagar døyde 11 menneske av overdose på det same toalettet i Stockholm - då bestemte Jarl seg for å laga Ett anständigt liv.

Modsen nermar seg 30 års alderen og miljøet på T-Centralen har hardna til. Vi møter fleire av dei som held til der og kvardagen deira er ein konstant kamp mellom liv og død. Ein av dei fortel at på slutten av 60-talet var det vanskeleg å få tak i hasj i byen, 10 år etter er det lettare å få tak i heroin enn varm pølse. Midt i alt dette har Kenta og Stoffe båe fått barn dei skal freista fostra. Kenta har halde seg til spriten og klarar seg, men Stoffe - som no var sprøytenarkoman - døydde før filmen var ferdig. Jarl tenkte etter dette å legga bort filmen, men klyppte den seinare saman så den òg framstår som eit testamente etter ein nær ven.

Jarl nyttar her alle verkemiddel for å gje sjåaren eit spark i magen, noko han lukkast med til fulla. Filmen råkar deg på eit kjenslemessig, mest fysisk vis. Her har du kryssklypping mellom narkomane og slaktehus, beat-poetiske tekstar går over lerretet som kommentarar og ikkje minst den dels understrekande, dels kontrapunktiske musikken til Ulf Dageby. Ett anständigt liv set standard for det filmspråket som seinare har vorte typisk for Jarl; ein allegorisk samfunnskritikk han sjølv kallar strukturfilm.

Filmen er manipulerande på ein måte som tvingar sjåaren til å ta stilling til det som skjer. Men den er òg full av verfremdungseffektar som gjer at du ikkje gløymer at, jamvel om det er autentiske bilete du ser, er røynda i denne filmen arrangert og han ber ein bodskap det er ein sendar bak. Dette filmspråket og denne bodskapen har gjort Ett anständigt liv til eit av dei sterkaste dokumentære verka frå 70-talet.

gk


Nettverksgruppa rune@nvg.ntnu.no