Okay, klassikar no. Går ein litt i filmklubben har ein jo sett ein og annan gamal film i tillegg til alle Jarmuschar og Hartleyar og alle dei gongene med Delicatessen, men det er mindre av dei enn ein kanskje kunne venta seg.
Gode filmar, jøss bevars, men er det ikkje greitt å sjå nokre av dei filmane frå før åttitalet, dei som gir næring og referansegrunnlag for dei postmoderne intertekstane vi ser no? Du har sikkert sett ein gangsterfilm eller tre før, kanskje Millers Crossing? I den filmen er det ei scene der politisjefen, som er i lomma på ein gangstergjeng, og Tom Regan, handgjengen mann til iallfall seg sjøl, deler ein dram. "Here´s to Volstead", skålar dei. Og Volstead, veit du sikkert, er den senatoren som liksom stod bak totalforbodet mot alkohol, eit forbod som gav USA og Hollywood og verda mafiaen, på mange måtar. Denne forbodstida var forresten ikkje over enno i 1932 då Scarface kom (ho tok ikkje slutt før året etter), så dersom Howard Hawks, Paul Muni og Boris Karloff ville ta seg ein øl etter ein hard dags opptak, måtte dei i kontakt med organisert kriminalitet. Ja, eg berre nemner det, altså.
Men gangsterane frå 20- og 30-talet, dei er pinadø noko av det gøyaste å lage film om. Her, til dømes, har vi ein film (til) om ein småkjeltring som slår (og skyt) seg ned til dei heilt store djupa i underverda før han får straffa si, om ikkje av lova, så iallfall av forteljinga. Dette fell på mange vis saman med framvoksteren til denne mafiaen, så berre der har du masse moro, liksom.
Filmen gjenskaper den første drive-by-shotinga ("Heeeey! They got machine-guns you can carry!") så vel som den kjente sankt valentinsdagsmassakren. Det alle seier er så bra i denne filmen er bruken av kryssteiknet som eit visuelt leitmotif i samband med døden, og ikkje minst den incestuøse ulminga mellom syskena spelt av Paul Muni og Ann Dvorak. Nokre framhevar óg at George Raft fiklar med ein mynt heile tida, og sjøl er eg svak for den augneblinken der Tony Camonte (modellert etter Al Capone, så fekk eg sagt det óg) oppdagar at berre han bruker pengane rett (på advokat), kan han gjere akkurat kva han vil. Det kan du óg. Du vil sjå Scarface i filmklubben!
vf
|
 |
Scarface
USA 1932
Regi Howard Hawks Manus Hecht, Burnett, Lee Mahin, Miller Foto Garmes, O`Connor Musikk Gustav Arnheim
Med Jaqueline Bisset, Ray Sharkey, Robert Beltran, Mary Woronov, Ed Begley Jr.
93min 35mm norsk tekst
Utleie Actionfilm |
|
|